mandag 11. mai 2015

Kystfriluftsliv: Kanopadling

Utstyr: Utstyr som er viktig å ha med seg når ein er ute og padlar er først og fremst redningsvest eller flytevest (i tilfelle ein veltar, for sikkerheitens skuld). Kleda du går i spelar og ein viktig rolle, val av klede kan vere det som skil mellom eit litt ubehageleg uhell til ei dødsulykke, mtp at mange døyr av kuldesjokk. Førstehjelpsutstyr kan òg vere smart å ha med seg på ein kanotur. 


I land/ombordstigning: Dei aller fleste skadane på kanoen kjem når me skal sette kanoen på vatnet eller tek han opp frå vatnet. Skraping mot svaberg eller grus eller nedslepp på spisse gjenstandar osv. fører til at kanoen får skadar og blir øydelagt. Kanoen skal bærast fint både ned til vatnet og opp frå vatnet. Har ein eventuelt med bagasje, skal den lyftast oppi kanoen etter at den er sett på vatnet. Ein skal lyfte bagasjen ut før ein dreg båten på land. Ein kan holde kanoen imens den andre trør oppi. Ein må holde seg godt på begge sidene av kanoen og gå langs midtlinja til ein får sett seg i rett padlestilling. Den andre set seg i kanoen på samme måte.

Padleteknikk: Den ytre handa held ein godt nede på skaftet på åra, og den indre handa skal haldast øverst på åra. Dei fleste taka skal gjerast med så strake armar som mogleg. 


Drivtak: 1: Set åra vertikalt i vatnet så langt fram som mogleg uten at du lener deg for langt framover. 2: Vri eller roter overkroppen og trekk åra bakover med overkroppen og nesten rette armar. 3: Avslutt taket når bladet er i høgd med hoftene, ved at du lyfter ho ut av vatnet. Kanten av årebladet skal "skjerast" ut i vatnet. Tenk på luftmotstanden. Armane skal vere strake og henge den, og skuldrane skal vere senka slik at du får kvilt musklane og ikkje blir anspent i denne sekvensen. 4: Set åra i vatnet igjen og gjer sekvensen på nytt. 


Bremsetak: skal innleiast som eit vanleg drivtak. Når årebladet er i høgd med hofta og du vanlegvis lyfter åra ut av vatnet, roterar du heller åra ei kvart omdreiing (på 90 grader).

J-tak: Åra skal setjast i og startar som eit drivtak. Roter trykksida på padleåra gradvis utover og avslutt i same posisjon som for bremsetaket, men no ligg det som har vore trykksida av åra, skrått vekk frå båtsida. Effekten blir større dess meir bladet blir pressa utover frå båtsida når det er vendt til "ror-posisjon".  




Manøvering av kano: 1. Framdrift: padlinga har som mål å få kanoen til å drive framover og halde kursen med god fart. 2. Styre kanoen under framdrift: å halde rett kurs, korrigere sikksakk og justere for vind og bølgjer. 3. Bremse og stoppe framdrift: å padle bakover. 4. Støtte og stabilisere: at båten ikkje vippar rundt. 5. Svinge kanoen: å svinge til begge sider, runde hindringar, ta U-svingar og sirkle. 6. Sideflytte kanoen: å flytte til begge sider, leggje sidelengs inntil bryggje og trekkje sidelengs ut frå land. 



Sittestilling: Dei fleste kanoar er laga med sete å sitte på. Den beste padlestillinga er når ein står på knea og kviler rumpa mot setet, evt mot ein av tverrstivarane. Det er betre for ryggen og ein får større rekkjevidde og gunstigare vilkår for å bruke dei store muskelgruppene i buk, hofte og rygg. Ein må passe på å ikkje sette fast beina under setet, sidan dei må komme seg ut ved ein eventuell velt med kano. 

Kameratredning: Om ein eventuell velt skjer, skal kameratredninga utførast som på biletet. Først skal dei to i vatnet syme til kvar sin ende, og kameratbåten legg seg vinkelrett på båten som har velta. Trykk den eine enden ned mens den som nym nærmast kameratbåten, hjelper bakpadlaren med å lyfte enden opp av vatnet. Samtidig stabiliserar frampadlaren båten med støttetak. Ein må så dra kanoen inn over kameratbåten og snu han, for å deretter sette ut kanoen igjen på same sida. Då har ein fått tømt ut alt vatn. Dei to i vatnet entrar etter tur den velta kanoen mellom kameratbåten og eigen kano. Dei to i kameratbåten held fast den andre kanoen og stabiliserar i mellomtiden. 



Navigering og marsjfart: Det er oftast lurast å padle nær land og følgje strandlinja. Ein har kontakt med land og opplev meir av naturen. Land gir også vern mot vind og bølgjer, og ein sparar då tid og krefter. Når du padlar blir du avhengig av kompasset, og du navigerer gjerne etter overinslinjer. Ofte er det lurt å ta krysspeilingar. 

I uoversikteleg farvatn eller i mykje vind og bølgjer må gruppa halda seg samla, og ein bør ha oppsamlingspunkt undervegs og lage etappar der kanoane kan drive i sitt eige tempo. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar