Dagen før tur bestemte klassen seg for ei rute me ville gå. Me lagde ein plan A og plan B, og ein kriseplan, om det vart dårleg vêr. Me gjekk frå Rindabotn, og fulgte skiløypa under Fosskammen og Stedjekammen, og tok av ved Skavassgrovi og oppover mot Skavasshaugane. Derifrå skreia me ned og inn i skiløypa att. Før me reiste på tur fekk me skredkort av Torgeir, dette kjem til å komme til nytte når ein skal på tur seinare. Me lærte at det var lurt å halde seg i god avstand frå heng på 30 grader og meir (heng på 5 meter), då det var fare for snøskred. Så me valte å gå der det var trygt, altså langt unna henget ved Skavassgrovi. Det var ein del vind og regn på turen fram, så det var litt kaldt. Me fekk kompass og vart delt i leiargrupper; Marte og eg leda frå Rødekors-kassen og mot Skavassgrovi. Vegen ned att frå Skavasshaugane gjekk fint, sjølv om omtrent ingen hadde kontroll på skidna sine.
Den lilla ruta viser turen som me planlagte å gå, men me fekk dessverre ikkje tid til å gå heilt opp på Skavasshaugane. |
Eg synst turen var kjekk, men i og med at eg ikkje hadde med meg feller til turen, gjekk det litt treigt med meg. Det endte opp med at eg måtte gå i fiskebein store delar av vegen opp, noko eg verkeleg fekk kjenne i føtna. Neste gong vil eg garantert hugse å ta med feller, og skismøring i tillegg - for å vere på den sikre sida. Neste gong vil eg også hugse å ta med kart, sidan eg gløymte å ta med kart på denne turen.
Det eg har lært på turen er at ein må forholde seg til både vêr og føre på vinterstid. Det er meir krevande å gå i fjellet om vinteren, og ein må passe seg for heng, då ein kan vere med på å utløyse skred ved å gå nærme. Det er òg veldig viktig å ha med seg spade, om ein sånn situasjon skulle oppstått. Til neste tur vil eg hugse å ha med meg meir heite klede, og helst eitt ekstra par med vottar, i og med at det fort vart kaldt og klamt.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar