mandag 8. juni 2015

Kanotur til Øyna

Torsdag 4. juni reiste me på overnattingstur til Øyna. Me gikk frå skulen og ned til naustet i fjøra, så padla me frå direkte til Øyna. Den raude streken viser ruta me padla. Planen vår var å starte å padle kl. 10:30 og vere framme til Øyna kl. 12:00. Me kom oss fram til 12, noko som vil sei at tidsberekninga var bra, med tanke på at me hadde lagt inn tid til to pausar i tillegg til at det var vind og bølgjer. På ca 3.6km brukte me 1,5 time. Turen heimatt padla me samme vegen som til, bortsett frå at me padla på utsida av vetleøyna. 


Vidare frå Øyna padla me til Saurane, ruta ser du på biletet under. Me hadde rekna 45 min kvar veg. Frå Saurane skulle me gå til Dal, men me kom berre opp til brua. Opp til brua var det ca. 600-700 meter + 120 høgdemeter. 


Utfordringar me møtte under padlinga var at vinden gjorde det vanskeleg å styre kanoen, og nokon gonger var bølgjene veldig høge, som gjorde det vanskeleg å svinge. Padleteknikken eg og Beate brukte i kanoen vår fungerte bra, og me greide å samarbeide greitt. Me brukte mest drivtak. 

Ferdselmønster i kano: Det er viktig å halde seg nær land, spesielt når det er bølgjer og vind, då det kan vere lettare å velte kanoen. Er det straum i vatnet er det og greit å halde seg nær land om det skulle vere så sterk straum at du mistar kontroll over kanoen. Om ein må kan ein bruke manøverar og ulike bremsetak, i tillegg til drivtak for å komme seg fortast vekk frå straumen. 

Eg lærte masse på turen, og hadde det ikkje minst veldig kjekt ilag med dei andre i klassen. Neste gong eg er på kanotur skal eg hugse på padleteknikkane me brukte, og det eg har lært av turplanlegginga og sjølve turen. 

TAKK FOR TUREN!







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar