På turar treng kroppen tilførsel av "drivstoff". Når ein skal på tur, er det viktig å ha med seg riktig og nok mat og drikke. Til frukost kan ein for eksempel ha med seg havregryn, vatn (evt. finne vatn på leirplassen), nøtter, bær (sjølvplukka om det er på hausten) og sukker. Dette kan ein lage havregraut av, som gjer deg mykje energi og er sunt. På vinteren er det spesielt viktig at ein har med seg nok mat, som inneheld både raske og langvarige karbohydratar, protein og umetta feitt. Døme på raske karbohydratar kan vere rosiner, sjokolade, kvitt brød, kvit ris. Lange karbohydratar kan vere rugbrød, linser, kikerter, bønner. Døme på protein kan vere kjøtt, egg, nøtter, linser,
For å unngå ein tung sekk er det også viktig å tenke på vekta på maten ein tek med seg. For å unngå dette kan ein ta maten oppi plastposar i stadenfor å ha dei oppi diverse boksar som veg meir.
For å unngå ein tung sekk er det også viktig å tenke på vekta på maten ein tek med seg. For å unngå dette kan ein ta maten oppi plastposar i stadenfor å ha dei oppi diverse boksar som veg meir.
![]() |
Døme på ein type havregraut. |
Til lunsj kan ein evt. kombinere "rett-i-koppen-posar", som kan vere suppar eller gryter, med medbragt brød, lefser eller knekkebrød. Eller ein kan lage hurtigris eller potetmos for at måltidet skal mette endå meir.
![]() |
Døme på ein type gryterett; hurtigris og rett-i-koppen. |
Middagen er det viktigaste måltidet om dagen. Det er viktig at det er heit mat, Middagen skal innehalde rikelege mengder med væske, for sjølv om du resten av dagen får i deg drikke, er det vanskeleg å få i seg nok væske. Døme på middagsingredienser er pasta, poter, grønsaker pakka i aluminiumsfolie og kjøt som kylling eller hakka kjøt. Ein kan ha med seg krydder og salt for å smakssette maten. Ein kan også ha med seg rett-i-koppen-posar til middag, då det er mettande og næringsrik mat.
![]() |
Eit døme på middagsrett kan vere: kjøt med krydder og urter. |
Som kveldsmat kan ein for eksempel ha med ein pose heimelaga pinnebrød som ein surrar rundt pølser, og det kan ein grille på bålet. Ein må tenke på at måltidet skal mette for heile natta. Ein kan også lage smørbrød på bål, eller steikte epler med kanel og sukker.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar