søndag 23. november 2014

Tur til Vorfjellet

Igår, søndag den 22. november, gjekk eg og mamma til Vorfjellet. Eg valte å ta turen dit fordi eg ikkje har vore med på dei andre turane med friluftslivklassen, og følte derfor for å gå ein topptur. Vi køyrte til Engjadalen, og gjekk derifrå og til Brunestegen. Vidare gjekk me til Jargolane og Slettafjellet. Etter ca. 2,5 timar var me framme på Vorfjellet, ein tur på ca. 5,5 km, det vil seie ca. 11 km tur-retur. Eg hadde aldri vore på Vorfjellet før, så det var veldig spennande. Eg hadde pakka med meg gode og varme klede, for sjølv om det var sol, blir ein som regel kald etter å ha sveitta litt.

Me planlagte turen ved å sjå på værmeldingane, og me var ganske heldige med været, for det var skyfri himmel og omtrent vindstille på toppen av Vorfjellet. Det var vertfall 20 cm med puddersnø frå Jargolane, så det var litt vanskeleg å gå. Men alt i alt var det ein veldig fin tur, som eg garantert vil ta igjen. Erfaringane mine frå denne turen er å ta med seg ekstra sokkepar og ein boblejakke om ein skal gå når det er minusgrader ute, for ein blir kald på føtna når ein går i snø, og ein ekstra jakke er godt å ha når ein skal sitte i ro i ein lunsjpause! Turen totalt tok 4 timar.


Den lilla streken viser ruta me gjekk.
Biletet er teken på starten av turen, på veg opp frå Engjadalen.


Jargolnipa, 991 m.o.h.
Slettafjellet, ca 1000 m.o.h


Utsikt frå Jargolnipa, her ser ein rett mot Molden. 

Vorfjell-skiltet. 1209 m.o.h
Vi tok lunsjen på toppen av Vorfjellet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar