Måndag den 29. oktober gjekk me opp til Rutlin der me fekk lære litt om båltypar og korleis ein lagde dei. Me lærde blant anna korleis ein lagar vinterbål og pyramidebål med oppheng av kjele. Vinterbålet skal bestå av tjukke, rå stokkar nederst, tynn og tørr ved, nøreved; det vil seie tynne, tørre kvister og tørr flis. Og øverst er det lurt å ha spon flisa av tørr ved, tørt granris og bjørkenever. Ein må tenne frå toppen, for det er det øverste laget som tek lettast fyr. Det er nødvendig å ha tynn ved i mellom bjørkenevene og dei tjukke stokkane, slik at overgangen ikkje blir for stor mellom laga. Då vil ikkje bålet brenne.
 |
Her er eit bilete av vinterbålet, der me koka vatn og varma nistene våre på! |
Me lærte at når ein skal lage pyramidebål med oppheng treng ein tre stokkar (helst 1,5m), ved, kjele, tau (helst av naturfibrar for dei toler berre låg varme før dei smeltar). Tauet surrar du i eitt åttetal i eine enden rundt dei tre stokkane. Ein treng også ein opphengskrok til å hengje gryta i, då er det lurt å bruke blomsterbindartråd. Lagar du ein strammeknute, kan ein regulere avstanden til bålet og dermed varmen.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar