mandag 8. desember 2014

Fornuftig/rett mat på tur

På turar treng kroppen tilførsel av "drivstoff". Når ein skal på tur, er det viktig å ha med seg riktig og nok mat og drikke. Til frukost kan ein for eksempel ha med seg havregryn, vatn (evt. finne vatn på leirplassen), nøtter, bær (sjølvplukka om det er på hausten) og sukker. Dette kan ein lage havregraut av, som gjer deg mykje energi og er sunt. På vinteren er det spesielt viktig at ein har med seg nok mat, som inneheld både raske og langvarige karbohydratar, protein og umetta feitt. Døme på raske karbohydratar kan vere rosiner, sjokolade, kvitt brød, kvit ris. Lange karbohydratar kan vere rugbrød, linser, kikerter, bønner. Døme på protein kan vere kjøtt, egg, nøtter, linser,

 For å unngå ein tung sekk er det også viktig å tenke på vekta på maten ein tek med seg. For å unngå dette kan ein ta maten oppi plastposar i stadenfor å ha dei oppi diverse boksar som veg meir.  


Døme på ein type havregraut.

Til lunsj kan ein evt. kombinere "rett-i-koppen-posar", som kan vere suppar eller gryter, med medbragt brød, lefser eller knekkebrød. Eller ein kan lage hurtigris eller potetmos for at måltidet skal mette endå meir. 

Døme på ein type gryterett; hurtigris og rett-i-koppen.


Middagen er det viktigaste måltidet om dagen. Det er viktig at det er heit mat, Middagen skal innehalde rikelege mengder med væske, for sjølv om du resten av dagen får i deg drikke, er det vanskeleg å få i seg nok væske. Døme på middagsingredienser er pasta, poter, grønsaker pakka i aluminiumsfolie og kjøt som kylling eller hakka kjøt. Ein kan ha med seg krydder og salt for å smakssette maten. Ein kan også ha med seg rett-i-koppen-posar til middag, då det er mettande og næringsrik mat.

Eit døme på middagsrett kan vere: kjøt med krydder og urter. 

Som kveldsmat kan ein for eksempel ha med ein pose heimelaga pinnebrød som ein surrar rundt pølser, og det kan ein grille på bålet. Ein må tenke på at måltidet skal mette for heile natta. Ein kan også lage smørbrød på bål, eller steikte epler med kanel og sukker.


søndag 23. november 2014

Tur til Vorfjellet

Igår, søndag den 22. november, gjekk eg og mamma til Vorfjellet. Eg valte å ta turen dit fordi eg ikkje har vore med på dei andre turane med friluftslivklassen, og følte derfor for å gå ein topptur. Vi køyrte til Engjadalen, og gjekk derifrå og til Brunestegen. Vidare gjekk me til Jargolane og Slettafjellet. Etter ca. 2,5 timar var me framme på Vorfjellet, ein tur på ca. 5,5 km, det vil seie ca. 11 km tur-retur. Eg hadde aldri vore på Vorfjellet før, så det var veldig spennande. Eg hadde pakka med meg gode og varme klede, for sjølv om det var sol, blir ein som regel kald etter å ha sveitta litt.

Me planlagte turen ved å sjå på værmeldingane, og me var ganske heldige med været, for det var skyfri himmel og omtrent vindstille på toppen av Vorfjellet. Det var vertfall 20 cm med puddersnø frå Jargolane, så det var litt vanskeleg å gå. Men alt i alt var det ein veldig fin tur, som eg garantert vil ta igjen. Erfaringane mine frå denne turen er å ta med seg ekstra sokkepar og ein boblejakke om ein skal gå når det er minusgrader ute, for ein blir kald på føtna når ein går i snø, og ein ekstra jakke er godt å ha når ein skal sitte i ro i ein lunsjpause! Turen totalt tok 4 timar.


Den lilla streken viser ruta me gjekk.
Biletet er teken på starten av turen, på veg opp frå Engjadalen.


Jargolnipa, 991 m.o.h.
Slettafjellet, ca 1000 m.o.h


Utsikt frå Jargolnipa, her ser ein rett mot Molden. 

Vorfjell-skiltet. 1209 m.o.h
Vi tok lunsjen på toppen av Vorfjellet.

tirsdag 30. september 2014

Bålfyring 29.09.14

Måndag den 29. oktober gjekk me opp til Rutlin der me fekk lære litt om båltypar og korleis ein lagde dei. Me lærde blant anna korleis ein lagar vinterbål og pyramidebål med oppheng av kjele. Vinterbålet skal bestå av tjukke, rå stokkar nederst, tynn og tørr ved, nøreved; det vil seie tynne, tørre kvister og tørr flis. Og øverst er det lurt å ha spon flisa av tørr ved, tørt granris og bjørkenever. Ein må tenne frå toppen, for det er det øverste laget som tek lettast fyr. Det er nødvendig å ha tynn ved i mellom bjørkenevene og dei tjukke stokkane, slik at overgangen ikkje blir for stor mellom laga. Då vil ikkje bålet brenne.

Her er eit bilete av vinterbålet, der me koka vatn og varma nistene våre på!

Me lærte at når ein skal lage pyramidebål med oppheng treng ein tre stokkar (helst 1,5m), ved, kjele, tau (helst av naturfibrar for dei toler berre låg varme før dei smeltar). Tauet surrar du i eitt åttetal i eine enden rundt dei tre stokkane. Ein treng også ein opphengskrok til å hengje gryta i, då er det lurt å bruke blomsterbindartråd. Lagar du ein strammeknute, kan ein regulere avstanden til bålet og dermed varmen.